Isomur-Grunnmursystem / Ringmursystem

Isomur- Grunnmursystem er ei nyvinning av vårt varesortiment. I samarbeid med Sintef Byggforsk har me utvikla eit grunnmursystem som er lett å montere og gjev ein fullverdig isolert grunnmur iht TEK 10. Systemet gjev betydeleg reduserte kostnader ved oppsetting av grunnmurar samanlikna med tradisjonell byggemetode. Systemet vert skreddersydd til kvart prosjekt med dei tilpasningar som er nødvendig. Me leverer og med monteringsteikningar. Me har no også vidareutvikla systemet til å gjelde ringmurar. Isomur- Ringmursystem kan tilpassast på same måte som Isomur Grunnmursystem. Isomur Ringmursystem kan leverast både som løysing med kantforsterka plate og berre som ringmur.

Kontakt oss for å få fleire opplysningar og pristilbod.

Brosjyre på Isomur finn de her:

Ringmursystem

Last ned

Grunnmursystem

Last ned

Iso-grunnmur under oppsetting

Driftige gudbrandsdøler i godt driv

Resultatet av 3 mann i arbeid ei varm helg

Isomur klar for støping

Isomur satt rett på kantforsterka plate av Polybetong

Innvendig Isomur

Støping av Isomur, kan fylles helt opp med en gang, man sparer ventetid på bilene

Isomur ferdig støpt og strekkfisker fjerna.